Skogssti på Fiskå
ved Nordre Strand skule
Informasjon om turen
Andre turer
 
Klikk på bildene for å  forstørre eller returnere til menyen!
INFO-tavle
Kart
Grind mot beitemark
Almetre
Fuglekasse
Motbakke
Utsikt mot Fiskå
Kvilebenk
Namneskilt
Seljetre
Brakje
Gaukesyre
Fiskåvika
Utsikt mot Voster
Bru
Rsteplass
Badeplass
Oreskog
Granskog
Skogfiol
Opent landskap
Lavvo
Osp
Skulen
Til toppen av sida Opp
 
 
Skulen ligg så å seie midt i naturen, og skulen har lang tradisjon i å nytta naturen i undervisninga. For fleire år sidan  starta skulen eit prosjekt der eitt av resultata vart ein skogssti som startar inne på skuleområdet. Utan eit godt samarbeid mellom skulen, ein nabo/grunneigar, Skogselskapet og FAU ville me nok ikkje fått denne perla av ein sti. 

Skogsstien blir nytta både av skulen og andre som vil trimma eller oppleva den fine naturen. Han går gjennom variert skog, langs eit vatn, over ein bekk og langs kulturmark - for det meste i tørt lende. Mange plakatar opplyser om plante- og dyreartar ein kan finna her. Skulen har sett ut fuglekassar og plakatar med stadnamn. Fleire kvilebenkar er sett ut, og to stader er det og bord der ein kan ta fram nista på turen. Ved Solhola er det ein god badeplass. 

Klassar som har hatt uteskule har funne seg plassar ved stien der dei har slått leir. 

Hausten 2000 fekk skulen ny lavvo.  Han er plassert i nærleiken av stien.