| Opning av gjenbruksbutikken | ||||||
![]() Ordførar Odd William Bøe gratulerer butikkleiar Annbjørg Leine Larsen med ny butikk. (26.08.2006) |
Den flotte sommaren spanderte enda ein solskinsdag på oss. Det var laurdag 26. august. Denne dagen var i lang tid blinka ut som opningsdag for Det Norske Nisjonsselskap sin gjenbruksbutikk på Tau, sa Annbjørg Leine Larsen, leiar av butikken, då ho ønska velkomme til opninga. Kl 11.00 var alt klart. Mykje folk var samla, også langveisfarande. Ordførar Odd William Rø, regionsleiar for NMS, Arne Sørås, og prosten vår, Jeffrey Huseby, var til stades og kom med helsingar. Det er viktig å skapa positive holdningar til gjenbruk, sa ordføraren mellom anna. Arne Sørås peika på at gjenbruksbutikken må vera eit senter for misjon i heile Ryfylke. Butikken her er den sjette i Rogaland.Den er driven av frivillig innsats og gir derfor gode inntekter til misjonen. Kallet fører til innsats, og innsatsen når ut i heile verda, sa Sørås. |
|||||
![]() Helsing frå Jeffrey Huseby. |
Jeffrey Huseby viste til miljøutvalget kyrkja vår alt har, og at vi legg vekt på miljøet og rett forvalting av ressursane. Kanskje er dei eldre flinkare til å bruke opp enn dei yngre, nemnde han. Han helsa oss og med ordet frå Bibelen som seier: "Gudsfrykt med nøysomhet er ein stor vinning" . | |||||
![]() Ordføraren klypper snora. |
Så var tida inne for snorklypping. Ordførar Odd William Bøe fekk det ærefulle oppdraget. |
|||||
Åpningstider:
Har du spørsmål angående gjenbruksbutikken, så ring Annbjørg Leine Larsen tlf: 51 746227. Tekst:
Anne Margrete Nesvåg, henta frå menighetsbladet Preikestolen, nr 4 - 2006. |
||||||