» Forside .
» Huset
» Kalender
» Aktiviteter
» Foreninger
» Utleie
» Vedlikehold
» Styre
» Årsmøter
» Kontakt
» Lenker
» Gjestebok
» Arkiv

GAVER

Den 26. mai d.å. hadde finanskomiteen kalla inn idedugnadsmøte på Tau Bedehus. Målet for kvelden var saman å finna vegen vidare i innsamlingsarbeidet til nybygget.

Det var ei svært engasjerande og kreativ gruppe som var samla denne kvelden. Mange gode idear kom fram, og finanskomiteen vil arbeide vidare med dei.

På møtet vart det opplyst at 1.800.000 kroner er innsamla (inkl. kom. tilskot). Byggekostnadane er kalkulert til 2,7 mill, så der står enno ein del att før bygget er fullfinansiert. Vi held difor fram med innsamling og går no ut med brev til alle medlemmane med spørsmål om du vil gje meir til nybygget. Det hadde vore gledeleg om vi slapp å ta opp lån på huset.

Gåva kan gjevast som ein eingongsum. Du kan gå inn på fast gjevarteneste. Sjå eige ark
(Fyll ut og send til Annbjørg Leine Larsen)

Konto for Tau Bedehus sitt nybygg er: 3205.20.48752

På vegne av Tau Bedehus vil finanskomiteen seia hjarteleg takk til alle som har gitt gåver og samstundes minne om det ansvar vi har for det huset vi er saman om å byggja.

13.juni 2005

For finanskomiteen Tau,

Annbjørg Leine Larsen

Adresse: Kvernvegen 38, 4120 Tau

 
Tau Bedehus
Copyright © 2006
| Hjem | Kontakt |