GRUNNREGLAR FOR TAU BEDEHUS
Revidert 11.02.91 og vedtatt på årsmøtet 15.02.91
Revidert og vedtatt på årsmøtet 06.02.2004
§1
Huset skal vera samlingsstad for kristenfolket i krinsen der dei kan samlast til oppbygging og til arbeid i Guds rike gjennom indre og ytremisjon på bibelsk grunn.
§2
Huset kan nyttast til allmennyttige formål som ikkje er i strid med kristendom og sømeleg framferd. Styret skal alltid ha rett til å vera til stades når huset vert nytta. Styret skal sjå etter om det er orden og at alt går sømeleg for seg.
§3
Rett til å tala guds ord har dei som høyrer til vårt kyrkjesamfunn og som vedkjenner seg til den lutherske truvedkjenning. Styret kan gje løyve til andre som ikkje høyrer til vårt kyrkjesamfunn å ha møte i huset.
§4
Styret for huset skal bestå av 5 personar + 1 varamann, menn og kvinner, som høyrer til vårt kyrkjesamfunn.
Desse 5 personane vert valde av årsmøtet. For å kunna stilla til val må vedkommande vera medlem av Tau Bedehus.
Styremedlemmane gjer teneste i 2 år. Styret vel sjølv formann, varaformann og kasserar.
§5
Styret har tilsyn med huset, både vedkommande bruk, reinhald, vedlikehald og økonomi.
Styret fastsett leige for huset i dei ymse høve.
§6
I tidsrommet januar - februar skal det kvart år haldas årsmøte.
Saker som skal vera med på årsmøte er:
● Val av ordstyrar og referent
● Val av to personar til å skrive under møteboka
● Styrets årsmelding
● Rekneskap
● Val
● Val av revisor for 1 år
● Andre saker som styret ynskjer å få behandla på årsmøtet når dei er nemnt i innkallinga.
Forslag til saker som medlemmar ynskjer å ta opp sendas styret seinast 1. des.
Styret sender ut sakliste, årsmelding og rekneskap til alle medlemmar seinast 14 dagar før årsmøte.
Stemmerett på årsmøte har dei som:
a. er medlemmar av Tau Bedehus
b. er fylde 18 år og
c. bekjennar seg som kristen og
d. som har vore innskriven som medlem i bedehusets protokoll i minimum 12 månader.
Bedehusets medlemmar betalar årleg ein kontingent som fastsettes av årsmøtet ved vanleg stemmefleirtal.
§6 (2005)
Unntak som gjeld kunn for årsmøtet 2005:
Stemmerett på årsmøte har dei som:
a. er medlemmar av Tau Bedehus
b. er fylde 18 år og
c. bekjennar seg som kristen og
d. som har vore innskriven som medlem i bedehusets protokoll i minimum 5 månader.
§7
Framlegg til endringar av desse reglane må vera kome inn til styret seinast 1. desember før årsmøtet. Endring treng 2/3 fleirtal.
|