STRATEGIPLAN FOR NMS PÅ TAU
Det norske Misjonsselskap ( NMS) er ein sjølvstendig organisasjon innafor Den norske kyrkja, og ser seg som ein reiskap til å realisere denne kyrkja sitt misjonsoppdrag.
NMS Tau er ei lita grein i denne organisasjonen, men har den same målsettinga.
Hovudmålsettinga er difor å bidra til å skape levande, handlande og misjonerande kyrkjer i alle land.
Målsettinga gjeld også i høve til alle samarbeidspartnerar – og kyrkjer verda over. Dette gjeld også for Norge.
Og når vi ser på arbeidet lokalt, og for vår del i Strand, så har vi ønske om å arbeide saman med partnerar som deler denne målsettinga, og dra lass saman med dei.
Vil vil utfordre kyrkja til å nå lenger ut med evangeliet i nærmiljøet, og utnytte mulighetene som ligg i eit bevisst arbeid med kyrkjelydsutvikling. Vi ønsker også å bidra til at vår kyrkjelyd har eit globalt misjonsengasjement.
NMS sentralt har etablert eit nettverk for kyrkjelydsplanting og kyrkjelydsutvikling i Den norske kyrkja, og NMS Tau ønsker vere eit bindeledd mellom dette nettverket og samarbeidet om kyrkjelydsutvikling i Strand.
NMS Tau vil difor i prinsippet søke aktivt samarbeid med Soknerådet i Strand, og med frivillige organisasjonar, som har same målsetting og visjon som er nemt ovafor.
Konkret vil NMS Tau vere med i ei tilrettelegging av verksemder i ei samanhengande kjede: for barn, unge, middelaldrande og eldre, med kristen fornying og vekst som mål. Verksemdene må også vere av forskjellig karakter. Tanken bak å vektlegge verksemder i ei samanhengande kjede, er ønsket om å bidra til at folk opplever å høyre til i ein heilskapleg, inkluderande kristen kyrkjelyld. Dette i motsetnad til å oppleve eit fragmentert kristenliv i bygda vår.
Styret utarbeider kvart år ein konkret handlingsplan som vert lagt fram på Årsmøtet.